PINSESTEMNE MED MARCUS ØSTBY
![]()
Velkomne til Pinsestemne 2026
24.-25 mai arrangerer vi Pinsestemne i Filadelfia. Det er Marcus Østby som skal inspirere oss med Guds ord denne helga, og han er til tross for sin unge alder, ein erfaren, dyktig og truverdig forkynnar. Han er lidenskapeleg interessert i menneske og deira historie, og godt likt av alle generasjonar.
Marcus har sidan februar 2022 vore tilsett i 60 % stilling som hovudpastor i Elim Baptistkirke i Tistedal. Dette er ei relasjonsorientert, aktiv og relevant menigheit for alle generasjonar, og Elim si historie strekk seg heilt tilbake til 1884. I 2010 flytta dei inn i nybygd og moderne kyrkjebygg på Sommero noko som vart eit stort løft for for fellesskapet deira. Marcus er gift med Birte og pappa til to jenter. Det som ligg hjarte hans nært er forkynning, sjelesorg og barn/unge. Vi har tru for at Marcus har noko godt å formidle til både unge og gamle!
Team Oddgeir leier oss i lovsong. Lovsong og tilbeding er eit naturleg uttrykk for vår relasjon til Gud, og ei hjelp til å kome i kontakt med Han på ein sterkare måte. Vi ønsker å erfare Hans nærvær kvar gong vi møtast til gudsteneste. Pinsestemnet blir intet unntak!
Kom å bli med oss for ei inspirerande og oppbyggande helg saman! Marcus har også med seg eit ungdomsteam til Ulsteinvik den helga.
PROGRAM
| Søndag 24. mai kl. 10:00-11:00 |
Bønnesamling i øvre sal |
| Søndag 24. mai kl. 11:00 |
Gudsteneste - Marcus Østby taler |
| Søndag 24. mai kl. 13:00 |
Middag og mingling |
| Søndag 24. mai kl. 16:00-16:45 |
Seminar - Marcus Østby taler |
| Søndag 24. mai kl. 17:00-17:45 |
Seminar - Marcus Østby taler |
| Søndag 24. mai kl. 18:00 |
Kveldsmat |
| |
|
| Måndag 25. mai kl. 10:00-11:00 |
Bønnesamling i øvre sal |
| Måndag 25. mai kl. 11:00 |
Gudsteneste - Marcus Østby taler |
| Måndag 25. mai kl. 12:30 |
Kyrkjekaffi |