Tentro

 

Vi vil med dette invitere til eit nytt Tentro-år. Er du, eller har du, ein 9. klassing som ynskjer å vere med på dette?

Konfirmasjonsalternativet Tentro er utarbeida av frikyrkjene i Noreg, og har ein tydeleg kristen profil, bygd på bibelens lære. Tentro ynskjer å ta tak i tenåringane sin
kvardag og verkelegheit, knytt opp mot kristen tru. Det er ulike temaa for samlingane, og undervisningsforma har verkemidlar henta frå kvardagen, film, musikk, illustrasjonar og forteljingar, leikar og konkurransar.

I ei Tentro-gruppe legg ein vekt på eit godt fellesskap, der ein får oppleve nye venskap, leiarar som bryr seg, spennande undervisning, ribb-tur, haust- og vinterweekend og mykje gøy! Ein ynskjer at ungdomane skal få eit nært og levande møte med Jesus, der det er rom for å stille spørsmål, undre seg og dele tru og tvil. Tentro er eit år som kan vere med å sette djupe spor.

Tentro er opent for alle, konfirmanten treng ikkje å ha medlemskap i ei frikyrkjeleg menigheit eller tilhøyra ein kristen samanheng for å melde seg på. Det er heller ikkje krav om å la seg døype forbindelse med Tentro. 

Tentroundervisninga følgjer skuleåret og samlingane startar i august/september. Høgtidsdag og konfirmasjon er kl. 12, siste laurdagen i april, og vi brukar å vere på Sjøborg kulturhus. 

Ta gjerne kontakt med oss dersom dette er interessant.

 

Kontakt

Irene Nygjerde, tlf.: 915 76 674