Nattkafé

Nattkafé Ulsteinvik er ein stad og møtast - for ungdom - frå ungdomsskule og oppover. Samlingane er i Sjøgata 45, i Filadelfia Ulsteinvik sine lokale. 

"Vi lagar kafé. Med kaffi sjølvsagt. Både varm og typen med is i glaset. Og friske juicar, fiffige frapper og brusande bruser. Rusfritt, sjølvsagt. Og litt snurrar med kanel i svingane. Og cookies. Pizza. Vi må ha litt pizza også. Alt til prisar som ein sunnmøring kan like. Men med humør. Gjerne mykje av det gode slaget. Ta gjerne med mykje av dette. Litt musikk i bakgrunnen må til. Og innimellom løftar vi kanskje taket også. God tid til å prate. Det må til. Både med dei du kjenner, og kanskjer også med nokon du ikkje kjenner? Og litt å tygge på. Noko å tenke på. Ei lita andakt altså. Ja, dette er sjølvsagt eit kristent arrangement. Men det er opent for alle ("Alle, alle vil vi ha med"). Konkurransar for dei som likar slikt. Og spel. Og leikar. "

Kort oppsummert: Her skal det ligge til rette for at du skal kunne ha ein fantastisk triveleg kveld i lag med mykje kjekke folk, både frå Ulsteinvik og området rundt. Vi drøymer om å bli verdas beste ungdomsklubb.

 

Nattkaféen er eit tverrkyrkjeleg samarbeid mellom KRIK, KM, DNK, Frikyrkja, Filadelfia, Sion, Bibelsenteret med fleire.