Tungetale

Tungetale er ein naturleg del av den kristne kvardag, og i Filadelfia Ulsteinvik blir det ofte praktisert i gudstenestene og på bønnemøta.

I 1. Kor. 14 heiter det at den som taler i tunger "taler for Gud", han "taler hemmeligheter i anden", "oppbyggjer seg sjølv" og "lovsyng i anden". Tungetale er altså lovprising, lovsong, bønn og takkebønn til Gud i anden. Det er liksom noko som bygg seg opp på innsida til ei heilovergitt bønn der ein er Hans representant i møte med andre menneske. Det er ein tilstedeværelse - ei utstråling av Ham. Det å snakke eller synge i andre tunger og prise Herren fører til at Hans nærvær presenterer seg.

Vi kan ikkje sjå Den Heilage Ande, men vi merkar Hans nærvær gjennom tungetale.

 

Profetisk bodskap
"Men den som taler profetisk, taler for menneska, til oppbygging, formaning og trøst" (1. Kor. 14:3).

Å tale profetisk er altså å få fram ein bodskap frå Gud på grunnlag av Skrifta. Guds ord blir anvendt og gjort aktuelt inn i situasjonen på ein direkte måte, slik at det virker til oppbygging, formaning og trøst. 

© Pinsekyrkja Filadelfia Ulsteinvik 2019