Søndagsskule

Søndagsskule

Søndagsskule er barnearbeidet i Filadelfia Ulsteinvik. Vi trur barnearbeidet er noko av det viktigaste vi gjer, og ønskjer å legge til rette for at alle barn skal kunne trivast og få gode relasjonar som varer. På søndagsskulen tek vi barna på alvor, og gjer vårt beste for å skape en kyrkje som er attraktiv, morosam, lærerik og på barnas premissar. Vårt største ønskje er at barna skal få bli kjent med Jesus, og få ei trygg tru allereie frå dei er små.

Gjennom ulike aktiviteter og arrangement vil vi byggje relasjonar over tid og ei tru som varer heile livet.

Dei fleste gudstenestene i Filadelfia startar søndag kl. 11 og det er då barnekyrkje/søndagsskule parallelt. Borna er alltid med i starten på gudstenesta, i storfellesskapet, før dei går til sitt tilrettelagde opplegg i 2. etasje. Barn under 4 år må ha med seg ein føresatt på søndagsskulen. Vi har også eit leikerom for dei minste ved sidan av storsalen. 

Gudstenestene varer i ca. 90 minutt, etterfulgt av kyrkjekaffi og den gode samtalen.

 

 

© Pinsekyrkja Filadelfia Ulsteinvik 2019