Gudstenester

Vi ser fram til kvar søndag, for då feirer vi gudsteneste i Filadelfia, og uansett kven du er, kor du kjem frå eller korleis veka di har vore, så er du VELDIG velkomen til å feire gudsteneste hos oss. I Filadelfiakyrkja er døra open for deg - uansett bakgrunn og kor du måtte vere på di åndelege reise. Vi håpar du vil finne deg godt til rette og føle deg heime, sjølv om du ikkje har vore i ei kyrkje før. Du er velkomen til ”berre” å komme på besøk eller om du ønskjer at Filadelfiakyrkja skal bli di kyrkje. Dei fleste gudstenestene startar søndag kl. 11 og det er då barnekyrkje/søndagsskule parallelt. Borna er alltid med i starten på gudstenesta, i storfellesskapet, før dei går til sitt tilrettelagde opplegg i 2. etasje.  Barn under 4 år må ha med seg ein føresatt på søndagsskulen. Vi har også eit leikerom for dei minste ved sidan av storsalen. Unntaksvis har vi gudsteneste på kvelden, det er då ikkje søndagsskule til desse møta. Gudstenestene varer i ca. 90 minutt, etterfulgt av kyrkjekaffi og den gode samtalen. 

Song og musikk

Song og musikk er sentrale ingrediensar i gudstenesta. Vi tar ikkje mål av oss til å gi einkvar sin favorittmusikk, til det er musikksmak for individuelt og kan lettare møtast for eksempel på musikkanlegget heime. Songen og musikkens hensikt i gudstenesta er å berøre hjerta, og framfor alt å ære Gud. Lovsong og tilbedelse er ikkje ein stilart. Det er eit naturleg uttrykk for vår relasjon til Gud, og ei hjelp til å kome i kontakt med Ham på ein sterkare måte. Vi ønsker å erfare Hans nærvær kvar gang vi møtast til gudsteneste.


Livgjevande forkynning

Ein viktig del av gudstenesta er forkynninga av Guds Ord. Bibelens bodskap, slik det blei forkynt og demonstrert av Jesus, bringer liv, legedom og gjenoppretting til menneske. Jesus kom ikkje berre med ord, men med kraft som ga hjelp og skapte nytt håp i folks liv. Vi arbeider konsentrert med å løfte fram evangeliets livgjevande sanningar på ein enkel, forståeleg og brukarvenleg måte. Gud har gitt kvar og ein av oss en stort potensial. Det er Hans gåve til oss. At vi tar det i bruk er vår gave til Ham.


Ein kjærleg Far

Gud er ein kjærleg Far som lengtar etter samfunn med sine barn. Dei fleste av oss er trøytte av ord som har liten relevans til vårt daglege liv. Vi treng noko med substans, noko nytt og friskt som kan skape ei forandring i vår kvardag. Vår lengsel er å erfare meir av den kraft og det rike livet med Gud som Bibelen beskriv. Det er grunn til å ha forventning når Bibelen seier at ”Jesus Kristus er i går og i dag den samme, ja til evig tid”.


Kollekt

Med ditt bidrag når vi lengre, og derfor har vi kollekt i gudstenestene. Det er sjølvsagt frivillig å gi. Dersom du ønskjer å gi ei gåve, så er det fleire måtar å bidra på:

  • Du kan gi eit valfritt beløp via Vipps på mobilen din. Søk opp Filadelfia Ulsteinvik, eller #85042
  • Du kan gi kontantar når vi sender rundt kollektkorgene
  • Du kan gi ved å bruke bankkort. Kortterminalen står bak med teknikarane
  • Ta med ein faktura, så kan du bidra via nettbanken din når du kjem heim. Du finn faktura bak med teknikarane

Kontonummer, driftskonto:                             3997 04 59891

Kontonummer, med skattefrådrag (PSGS):   3997.04.59867 

Tolking

Vi skulle gjerne hatt fleire i tolketeneste, men vi prøver så godt vi kan å ha tolking til engelsk (English translation) i kvar gudsteneste. Filadelfia er også ei kyrkje med internasjonalt preg, så du skal ikkje sjå vekk i frå at du kanskje finn ein som snakkar ditt eige morsmål. Vi har folk frå Eritrea, Venezuela, Chile, Sri Lanka for å nemne nokre. Ta kontakt med ein av møtevertane dersom du har spørsmål, eller treng tolking.


Forbønn

Det er alltid høve til forbønn i Filadelfia. Du kan skrive eit bønneemne på ein lapp som du legg i bønnekrukka som står i lobbyen. Desse bønneemna blir gjerne lest opp og bedt for i sjølve gudstenesta. Du kan her anonymisere bønneemnet slik du ønskjer det. Du kan også søke personleg forbønn etter at gudstenesta er offisielt ferdig. Vi har eit bønneteam som kan salve og be for deg i det vi kallar "ettermøtet" i gudstenesta.


Kyrkjekaffi

Vi avrundar alltid gudstenestene med ein liten kopp kaffi og litt godt å bite i. Kyrkjekaffien er i kafeen og i lobbyen, og det er fint om du tek ein prat med nokon du ikkje har helst på før. Alle skal føle seg velkomne og inkludert i den gode samtalen. Vi legg vekt på fellesskapet, og vi håper du finn deg godt til rette.

© Pinsekyrkja Filadelfia Ulsteinvik 2019