Dåp

Vi trur at dåpen er ei god samvittigheits pakt med Gud, og det å la seg døype er eit naturleg val å ta for den som vil følge Jesus. Vi praktiserer såkalla troendes dåp. Det betyr at den som har kome til tru på Jesus lar seg døype. Dåpen har ingenting med frelsa å gjere - handlinga er ei personleg bekjenning til Jesu død og oppstandelse, og dette blir uttrykt ved at den som blir døypt vert senka under vatn og reist opp att for å leve eit nytt liv. 

I Filadelfiakyrkja har vi dåpsbasseng i storsalen, og vi arrangerer dåp etter behov. Vanlegvis vert dåpen utført i begynnelsen av eit ordinært møte/gudsteneste, men dersom dåpskandidaten av personlege og praktiske grunnar ønskjer eit dåpsmøte med nokre få til stade, så tilpassar vi det. Det vert også gjennomført dåp på ungdomsmøter. 

Ta kontakt med oss dersom du ønskjer å døype deg, har spørsmål eller treng meir informasjon om dåp.

Kontakt

E-post:  Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Tlf.:      990 12 005

Matt 28,18-20; Mark 16,16; Apg 10, 47-48; Kol 2,12; Rom 6,4-5, 1 Pet 3,21.

 

 

© Pinsekyrkja Filadelfia Ulsteinvik 2019