Barnevelsigning

"Før eg forma deg i mors liv, kjente eg deg, før du blei født helliga eg deg"  (Jeremia 1:5).

"Sjå barn er ei gåve frå Herren, livsfrukt er ei lønn frå ham" (Salme 127:3).

"La dei små borna kome til meg, hindre dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. (Markus 10:14).

"Og han tok dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei" (Markus 10:16).

Vi trur at alle barn er Guds barn, og i Filadelfiakyrkja gjer vi som Jesus gjorde - vi velsignar dei små. Vi takkar Herren for livets gåve, og ber om velsignelse og beskyttelse for barnet. Vi ber også for familien - at Han held si hand over dei, at Han er til stade i deira kvardag.

Det er frivillig å la eit barn bli barnevelsigna i pinsebevegelsen, men dei fleste blir det og det er vanleg å ha barnevelsignelse når barnet er nokre månadar gammalt. Den høgtidelege handlinga finn stad i ei av søndagsgudstenestene våre. Familien kjem fram og blir presentert for menigheita. Forstandaren, eller ein annan frå menighetens leiarskap held barnet, og saman med menigheita blir barnet, på ein enkel måte, bedt for og velsigna. Vi brukar også å synge ei velsignelsesbønn i forbindelse med barnevelsignelsen. Du treng ikkje vere medlem for å få barnevelsigning i Filadelfia. 

Alle barn som blir velsigna i Filadelfiakyrkja mottar ein Barnebibel. 

Vi arrangerer barnevelsigning ved behov, så ta kontakt med oss dersom du ønskjer barnevelsignelse hos oss.

Kontakt

E-post:  Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Tlf.:      990 12 005

 

 

© Pinsekyrkja Filadelfia Ulsteinvik 2019