Nattverd

Nattverden er ein naturleg del av menigheitslivet og kristenlivet. Brødet som brytast og vinen som drikkast, symboliserer frelsesverket som Jesus gjorde på korset for deg og meg. Nattverden er eit styrkemåltid som fornyar Guds nåde i ditt liv, eit måltid som gir næring for den trua du har på Jesus og for fellesskapet - samfunnet du har med andre truande. Nattverden er eit minnemåltid om Jesus. Vi minnast Hans død - at Han døde for syndene våre - og vi minnast at Han etter soninga for oss, no lever og går i forbønn for oss hos vår Himmelske Far.

I Filadelfia Ulsteinvik har vi nattverd omlag kvar 5. til 7. veke, og nattverden vert vanlegvis gjennomført i starten på ei ordinær gudsteneste. Borna tek også del i nattverdshandlinga. 

Brødet er glutenfritt og "vinen" er druejuice.