Vår historie

Filadelfia Ulsteinvik vart ei sjølvstendig menigheit i 1978. Vi er tilslutta Pinsebevegelsen i Noreg.

Den første tida heldt menigheita til i heimen til Ole og Ingrid Rørstad. Ved enkelte høve vart ein småsal på gamle samfunnshuset eller kommunestyresalen på rådhuset leigd. Frå hausten 1978 fekk Filadelfia leige eit klasserom på Bjørndals Minne, og dette fungerte som møtelokale fram til våren 1981. Då vart forretningsbygget "Fløtun", målarforretninga Flø & Flø sitt butikklokale i Bjørndalvegen 19 til sals. Det var mange interesserte tilbydarar på bygget, og det var eit stort under at Filadelfia fekk tilslaget sidan der var andre som baud meir enn oss! For ein velsignelse! Eit massivt dugnadsarbeid vart lagt ned i Bjørndalvegen 19, og til julefesten 1981 var lokala omgjort frå handelshus til Gudshus.

Kyrkjelokalet vart innvia i mars 1982. Det vesle huset med lyskors på ytterveggen fungerte godt i mange år, men etterkvart som fleire medlemer vart lagt til og besøkstala auka, måtte ein nok ein gong sjå seg om etter andre alternative løysingar.

Fleire prosessar har vore i sving dei siste åra. For å sikre eit sentrumsnært og framtidig menigheitslokale har Filadelfia blant anna kjøpt naboeigedomen (mot Amfi) i Bjørndalvegen, men nybygg der er litt opp og fram i tid. Vi ventar blant anna på at kommuneplanens arealdel skal godkjennast., og dessutan må det økonomiske på plass. I mellomtida har vi på dugnad pussa opp Bunnpris sine tidlegare lokale i Sjøgata 45, og der leiger vi både 1. og 2. etasje. Lokala vart innvia i august 2017 og mange har sidan den gong vore innom dørene. I 1. etasje har vi storsalen der gudstenestene foregår. I tillegg er der kafé, kjøkken, lobby og toalett. I 2. etasje er det mange fleirbruksrom, og i hovudsak har vi barne- og ungdomsarbeidet vårt der. Filadelfia leiger ut dei ulike lokala til selskap, møter, kurs og konferanse. 

I Filadelfia sine gamlelokaler i Bjørndalvegen 19 har vi etablert bruktklebutikken Sarepta. Den hadde oppstart 1. november 2017 og er eit kjærkome tiltak i byen vår. Vi tek i mot kle, sko, vesker m.m. for vidare sal, eller som hjelpesending til Open Heart sitt misjonsarbeid i Ukraina (Hallvard Hasseløy). Det er stor oppslutning blant lokalbefolkninga som stadig leverer kle og sko til gjenbruk, og dagleg leiar Linda Dalehamn har godt samarbeid med skular og næringsliv som leverer både brukte og heilt nye kle! Dei "tilsette" arbeider frivillig, og vi samarbeider med kommunen om integrering, språk- og arbeidstrening.

© Pinsekyrkja Filadelfia Ulsteinvik 2019