1. etasje - nordside
Storsal/møtesal/festsal
- Dette er det største lokalet vi har til utleige, og her er det plass til ca 160 personar dersom det er snakk om bruk av berre stolar og ikkje bord. Lokalet er teknisk godt utstyrt med projektor, 2 storskjermar, lys- og lydanlegg, teleslynge og wifi. Til selskap der ein dekker bord, er det plass til ca 100 personar, og ved gravferder er det plass til ca. 120 personar.
Lokalet passar perfekt til konferansar, bryllaup, konfirmasjonar og andre spesielle høve - gravferder for eksempel.
Vi har tilgjengeleg 200 stolar totalt.
Lobby, kafeteria og kjøkken
- Kafeteriaen er ypparleg til mindre arrangement og selskap. Her er det god plass til ca. 50 personar, og lokalet er nyleg opprusta med lyddemping i tak og på veggar. Kafeteriaen har kvite bord og stolar og framstår lyst og lekkert med duse, fargerike innslag.
Kafeteriaen er populær for utleige til konfirmasjonar, dåp og barnevelsigningar. Vi har også hatt festivalar, kunstutstillingar og kreative verkstadar for å nemne noko. - I lobbyen er det rom for avslapping og gode samtalar i sofaene og lenestolane. Der er både småbord og høge bord med barstolar.
I lobbyen er det også eit leikerom med blant anna ballbasseng og leikekjøkken.
I lobbyen er der 3 toalett, der eitt er tilrettelagt for rørslehemma og dette toalettet har også stellebord. - Kjøkkenet er utstyrt med komfyr, steikeomn, oppvaskmaskin, kjøleskap og fryseskap.
Der er kaffitraktar for storkjøkken, vasskokar, vaffeljarn m.m.
Kjøkkenpersonalet har tilgang til eige toalett.
Pris
For leige av lobby, kafeteria og kjøkken er prisen 1500 kroner.
Pris for leige av heile 1. etasje er 2500 kroner. For leige med teknisk utstyr vert det 1000 kroner ekstra.
2. etasje - nordside
Lisjesalen
- Møtesalen i 2. etasje har scene og sitteplass til ca 50 personar. Der er også ein skiljevegg som kan opnast opp til eit rom sørover, og då er det plass til totalt ca. 80 personar. Dersom det er aktuelt med selskap og dekka bord, er der plass til ca 50 personar.
Lokalet er teknisk utstyrt med projektor, storskjerm, lydanlegg og wifi.
Lokalet passar godt til møter og konferansar, bursdagsfeiringar m.m.
Møterom med kjøkken
- I 2. etasje har vi også eit møterom med bord og stolar til ca 15-20 personar. Rommet er utstyrt med projektor og wifi.
Kjøkkenet er enkelt utstyrt med komfyr, steikeomn, kaffitraktar, vasskokar og vaffeljarn.
2. etasje har tilkomst med eigen inngang på nordsida, og trappeoppgang til etasjen. Der er 1 toalett, men dessverre ikkje heis.
Pris
Pris for leige av heile 2. etasje er 1000 kroner.
Kontaktinformasjon
- Ring oss på tlf. 990 12 005 (Arnt Vidar Ulstein) for spørsmål og ev. synfaring
- e-postadresse:
This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. - Adressa er Sjøgata 45, 6065 Ulsteinvik (inngang på nordsida)
- Kontonummer for betaling: 3997.04.59891