I Filadelfia sine gamlelokale i Bjørndalvegen 19 har vi etablert bruktklebutikken Sarepta. Den hadde oppstart 1. november 2017 og vart eit kjærkome tiltak i bygdebyen vår.
19. september 2019 braut det ut brann i lokala. Ingen vart skada, men dei innvendige skadane var såpass store at butikkdrifta vart avvikla. Ei omfattande oppussing av hovudetasjen vart starta i 2020, og no framstår lokala som heilt nye! Vi har difor bestemt oss for igjen å satse på bruktklébutikken!
Vi tek i mot kle, sko, vesker, belter, smykker m.m. for vidare sal, eller som hjelpesending til Open Heart sitt misjonsarbeid i Ukraina (Hallvard Hasseløy).
- Alt skal vere reint og fint, det skal vere kle og sko som du kan tenke deg å bruke sjølv.
Korleis og kvar kan du levere?
Du kan levere kle i opningstidene til Sarepta:
- Torsdagar kl. 11-16
- Fredagar kl. 11-16
- Laurdagar kl. 11-15
Du kan også gjere annan avtale ved å ta kontakt med Anita (901 97 614).
Kontaktinfo
Bjørndalvegen 19
6065 ULSTEINVIK
Tlf.: 901 97 614, Anita Høyvik