Sarepta, bruktklebutikk

Sarepta opnar butikken igjen!

Anne Karin Nygjerde og Anita Høyvik m/fleire har vore i full gang med å gjere dei nyoppussa lokala våre klar for nyopninga torsdag 3. juni 2021.

I Filadelifia sine gamlelokale i Bjørndalvegen 19 har vi etablert bruktklebutikken Sarepta. Den hadde oppstart 1. november 2017 og vart eit kjærkome tiltak i bygdebyen vår.

19. september 2019 braut det ut brann i lokala. Ingen vart skada, men dei innvendige skadana var såpass store at butikkdrifta vart avvikla. Ei omfattande oppussing av hovudetasjen vart starta i 2020, og no framstår lokala som heilt nye! Vi har difor bestemt oss for igjen å satse på bruktklebutikken!

Vi tek i mot kle, sko, vesker, belter, smykker m.m. for vidare sal, eller som hjelpesending til Open Heart sitt misjonsarbeid i Ukraina (Hallvard Hasseløy).
- Alt skal vere reint og fint, det skal vere kle og sko som du kan tenke deg å bruke sjølv. 


Korleis og kvar kan du levere?

Du kan levere kle i opningstidene til Sarepta:

  • Torsdagar kl. 11-16
  • Fredagar kl. 11-16
  • Laurdagar kl. 11-15

Du kan også gjere annan avtale ved å ta kontakt med  Anne Karin (915 86 744) eller Anita (901 97 614). 

Før brannen var det stor oppslutning blant lokalbefolkninga som stadig leverte kle og sko til gjenbruk, og Linda Dalehamn (tidlegare leiar for Sarepta) hadde godt samarbeid med skular og næringsliv som leverte både bukte og heilt nye kle!. Dei "tilsette" arbeider frivillig, og vi har hatt samarbeid med kommunen om integrering, språk- og arbeidstrening.


Kontaktinfo

Bjørndalvegen 19
6065  ULSTEINVIK

Tlf.:     915 86 744, Anne Karin Nygjerde
Tlf.:
      901 97 614, Anita Høyvik

facebook image

© Pinsekyrkja Filadelfia Ulsteinvik 2019