Kristenlivets ABC

Midt i sentrum av Guds kjærleik står du.


Ny på vegen
Korleis kan du vite at du er frelst og høyrer Gud til? Dette korte bibelverset blir kalla "Den vesle Bibelen", fordi den oppsummerer i eit nøtteskal kva Bibelen og den kristne trua handlar om:

"For så høgt elska Gus verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv". (Joh. 3:16).

Du er altså elska av Gud - så mykje at Han gav Sonen sin for deg, for å gi deg evig liv! Kva må du då gjere? Du må berre, enkelt og greitt, tru på Jesus som sa: "Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg!" (Joh. 14:1). Du treng ikkje vere uroleg lenger, for du har sagt JA til å følgje Jesus. Han kjenner deg. Berre ha tillit til Hans Ord og løfte. Likevel kjenner du deg kanskje ikkje sikker på at du høyrer Gud til, og at der verkeleg er plass til deg i Hans rike? Han forsikrar deg ved å seie: "I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk?" (Joh. 14:2).

Det er plass til deg i Guds himmelske hus, for der er mange rom. Ved tru er du Hans kjære barn, og Jesus viste oss vegen dit då han sa: "Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg". (Joh. 14:6). På tross av det mange religionar hevdar, så kan menneske bergast kun gjennom eitt namn på denne jord, og det er namnet Jesus: "Det er ikkje frelse i nokon annan, for under himmelen er det ikkje gjeve menneska noko anna namn som vi kan bli frelste ved" (Ap.gj. 4:12).

 

Kristenlivets ABC
På engelsk har dei ein ABC regel som gjer det greitt å hugse korleis ein kan bli frelst. Frelsa kosta Jesus alt, men kosta oss ingenting. Det er nemleg ei gåve frå Gud. Ei gåve er gratis. Han gjorde det så lett som ABC for meg og deg. For at du skal vite at du er frelst, og for å bli borgar i Guds rike, så kan du gå fram som skildra nedanfor:


A = Admit (innrømme)
Det første steget er å innrømme at du er ein syndar, og at du innser at denne verda er opp-ned og att-fram i forhold til Gud og Hans verdiar. Peter sa: "Angra difor og vend om, så syndene dykkar kan strykast ut". (Ap.gj. 3:19). For å angre må du fyrst anerkjenne at du har brote Guds lover, og handla mot ditt samvit til tider.

Det første steget er altså å innrømme at du er ein syndar, og anerkjenne konkrete synder til Gud. Ingen er syndefri eller perfekt, seier Bibelen, for "alle har synda og manglar Guds herlegdom". (Rom. 3:23).

 

B = Believe (tru)
Det neste steget er enkelt og greitt å tru på Jesus som din Frelsar - din livbergar. Difor seier Bibelen det så enkelt: "Med hjartet trur vi så vi blir rettferdige for Gud". (Rom. 10:10). Ein kjent mann i Bibelen som fekk oppleve denne frelsa, oppsummerte bodskapen slik: "For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv". (Efes. 2:8-9).

B står altså for Believe, Tru. Ved å tru skal du bli frelst (redda, berga). Det kviler ikkje på dine eigne gjerningar. Det kviler på det dyre offeret som Jesus måtte gi på korset, for at berginga skulle bli gratis for deg! I alle religionar i verda prøver menneska å nå opp til Gud ved hjelp av bøner, offer og ritual. Den kristne trua er basert på det heilt motsatte. Nemleg at Gud har stige ned til deg og nådd tak i deg med si tilgjeving. 

 

C = Confess (vedkjenne)
For det tredje må du vedkjenne Jesus som din Frelsar. Der er kraft når ein talar ut det ein trur på. Om ein mann elskar ei kvinne frå sitt hjarte, men aldri uttalar det, så blir det neppe noko romantisk forhold mellom dei. Ord er viktige. Dei definerar kvar ein står, og openbarar kva som er i eins indre. Når det gjeld frelsa, er det også slik. Her er det fantastiske løftet frå Gud: "For vedkjenner du med munnen at Jesus er Herre, og trur du i hjartet ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst". (Rom 10:9). 

Korleis kan eg vite at eg er redda og har fått evig liv? På denne måten: Dersom du er lei deg for dine feilgrep og synder, trur på Jesus som din Frelsar, og vedkjenner Han som din Herre (frå no av din nye "Sjef"), så er du berga. Og Bibelen lovar at: "kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst". (Ap.gj. 2:21).

 

Ei frelsesbøn
Du kan be med dine eigne ord. Kom til Han akkurat som du er. Om du treng hjelp, kan du bruke denne bøna:

"Kjære Gud, Himmelske Far. Takk for at du sendte Jesus til jorda for å berge meg. Eg anerkjenner at eg er ein syndar, og innrømmer at eg har skuffa deg og brote dine lover. Eg har også handla mot mitt samvit og det eg veit er rett til tider. Tilgi meg og rens meg ved hjelp av blodet du gav på korset. Eg trur du er min Frelsar, Jesus. Eg tek i mot denne frelsesgåva med eit ope og takknemleg hjerte. Takk for at det er plass til meg i Ditt evige rike. Hjelp meg Far, til å leve mitt liv til di ære". 

 

Skattejakt i Guds Ord
Guds Ord er maten for di ånd. Dersom du vil vekse i ditt åndelege liv, må du få næring. Før du veit ordet av det vil folk sjå korleis du har vakse i kristenlivet, og du vil merke at du har større frimodigheit, tryggheit, kunnskap og tru. For Bibelen lovar: "Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord". (Rom. 10:17).

Og ver ikkje redd for å fortsette dialogen med Gud. Du er hans barn, han høyrer på deg når du snakkar til Han.