Han som er livets skapar, ønskjer også å vere livets sentrum. Jesus er Alfa og Omega, begynnelsen og enden, den første og den siste. Han er vegen, sanninga og livet. Å ha Jesus i sentrum inneber at livet ikkje lenger handlar om deg og dine tankar, ord og følelsar. Det handlar om Hans vilje, hans Ord, hans tankar om ditt liv. I vårt hjarte ligg det ei bøn frå den dagen vi blir frelst - "skje din vilje, Jesus! Ikkje berre i mitt liv, men også i familien, i menigheita, i lokalsamfunnet, på jobben. Skje Din vilje!" Å ha Jesus i sentrum er nesten som ein livsstil. Gjennom alle fasar og utfordringar som livet har å by på, får det å ha Jesus i sentrum ny betydning og nye valørar. Vi trur at det beste livet vert levd som etterfølgar av Jesus. Å leve i fellesskap med Gud, i takt med Hans Ord og det Gud har skapt oss til å vere, er det beste for alle menneske.
Gud ser potensialet i kvart enkelt menneske. Han har ein plan for mitt og ditt liv, Han har ein plan for si menigheit, Han kallar oss til å vere SI kyrkje her på jord - eit fellesskap der vi samlast for å vere i Hans nærvær der vi blir utrusta til å bruke dei nådegåvene som Han har gitt kvar enkelt. Ein viktig del i Filadelfiakyrkja er forkynninga av Guds Ord. Bibelens bodskap, slik den blei forkynt og demonstrert av Jesus, bringer liv, legedom og gjenoppretting til menneske. Jesus kom ikkje berre med ord, men med kraft som ga hjelp og skapte nytt håp i folk sitt liv. Vi arbeider konsentrert med å løfte fram evangeliets livgjevande sanningar på ein enkel, forståeleg og brukarvenleg måte. Gud har gitt kvar og ein av oss eit stort potensial. Det er Hans gåve til oss. At vi tar det i bruk er vår gave til Ham.
Vi trur at den Gud som menneske til alle tider, alle stadar og i alle religionar har leita etter, har vist oss kven han verkeleg er gjennom Jesus Kristus. Jesus er ein historisk person, eit menneske som oss alle. Samtidig er han Guds son, sendt for å vise, fortelje og demonstrere kven Gud er og kor høgt Gud elskar alle menneske. Den viktigaste begivenheita i den kristne tru skjedde då Jesus vann over døden, og stod opp igjen som levande. Dette gir oss alle håp om at Guds kjærleik er sterkare enn døden, og at Guds gode vilje er at vi alle skal ta imot trua på Jesus Kristus og dermed få det evige livet.
Alle som vil tru på Gud gjennom Jesus Kristus får trua som ei gåve. Tru er ikkje ein prestasjon, og det kjem ikkje an på grader av tru, men om ein vilje til å snu seg mot Gud. Trua er personleg, den går ikkje i arv frå generasjon til generasjon. Gud har skapt oss med fri vilje, difor er det opp til deg sjølv om du vil velje å tru eller ikkje. Vi trur at kvart einaste menneske er skapt til å leve i ein aktiv relasjon til han som har skapt sjølve livet. Vi trur det fins utallelege grunnar til at menneske nærmar seg Gud. Samtidig trur vi det fins éin garantert veg som alle kan gå, og det er å ta imot Jesus Kristus. Dette kan du gjere ved å be ei enkel bønn:
"Kjære Gud, takk for at du møter meg slik eg er. Tilgje meg mi synd. Takk for at du sendte Jesus Kristus og viste oss kven du er. Eg trur at Jesus døde og stod opp igjen for alle og for meg. Han døde i min stad. Fyll meg med Den Heilage Ande. Hjelp meg til å leve resten av livet som ein etterfølgjar av deg. Amen".
Fysisk og materielt sett ligg Filadelfia Ulsteinvik midt i sentrum av Ulsteinvik. Derav også "Kyrkja med Jesus i sentrum". Slagordet vårt heng på veggen på utsida, så kvar gong nokon går forbi blir Jesus, Namnet over alle namn, presentert. Han er i sentrum av vårt liv, Han er i sentrum av vår kyrkje, og Han er i sentrum av byen!
Gud velsigne deg!