Eg er ny her

Velkomen til Filadelfiakyrkja
Filadelfia Ulsteinvik er ei kristen pinsemeinigheit for alle generasjonar og for menneske i alle livssituasjonar. Jesus står i sentrum i alt vårt arbeid.


Kva kan du forvente?
Vi ønskjer å ha eit opent og inkluderande miljø. Vi har ingen kleskode eller andre forventningar til deg når du kjem. Uansett kven du er, kor du kjem frå eller korleis veka di har vert, så er du alltid velkomen! Det fins ingen dørterskel til Filadelfia. Vårt mål er å gi eit bilde av kva det betyr å vere ein kristen i dagens samfunn slik at du kan ta stilling til om dette er noko for deg. Vi vil hjelpe folk og kvarandre til å leve eit godt liv i fellesskap med Gud, familie og venner.

På eit vanleg møte startar vi gjerne med litt lovsong. Deretter deler ein, eller fleire, sine tankar rundt Bibelen, livet og meinigheita. Vi samlar som regel inn ei "kollekt" - ei frivillig pengegåve som hjelper oss å drive arbeidet. Dersom du ønskjer å bli bedt for er det alltid rom for det etter møtet. Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi med litt godt å bite i, i kafeen og lobbyen. Her myldrar vi og blir kjent med kvarandre. 


Finn din plass

Gud ser potensialet i kvart enkelt menneske. Han har ein plan for mitt og ditt liv, Han har ein plan for si meinigheit, Han kallar oss til å vere SI kyrkje her på jord - eit fellesskap der vi samlast for å vere i Hans nærvær der vi blir utrusta til å bruke dei nådegåvene som Han har gitt kvar enkelt. Vi er alle forskjellige, unike på kvar vår måte, og vi har eit breitt utval av aktivitetar, kurs og tenesteoppgåver slik at alle skal kunne finne sin plass i meinigheita. Du er ei brikke i Guds store puslespel, og kanskje manglar vi nettopp deg og dine talent for å danne det totale bildet! Kva kan du tenke deg å bidra med? Gi oss eit vink, så skal vi gjere vårt beste for at du skal finne din plass. Dette er også ein fin måte å få nye venner på.


Må eg vere medlem for å komme?
Du treng ikkje vere medlem for å komme på møter eller delta i andre aktivitetar. Eit medlemsskap i Filadelfia Ulsteinvik er i hovudsak eit spørsmål om tilhøyrigheit og engasjement. Vi oppfordrar gjerne dei som kjem regelmessig til å melde seg inn i menigheita, men det er heilt frivillig.


Må eg vere kristen for å delta på aktivitetar?
Nei, man må ikkje vere kristen for å komme til Filadelfiakyrkja, men vit at VI er det! Vi har alle opplevd korleis Gud har forvandla vår liv og det er grunnen til at vi møtast. Om du har spørsmål om meininga med livet, kvifor vi er her, eller lengtar etter noko meir - då passar du perfekt. Vi trur at vi kan lære mykje av kvarandre og kvarandre sine erfaringar på godt og vondt.


Kontakt
E-post: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
Tlf.:     990 12 005, Arnt Vidar Ulstein


Følg oss på Facebook og Instagram!