Trivselskafé

Trivselskafé i Filadelfia er ein uformell treffstad der trivsel og fellesskap er hovudfokus. Vi samlast til den gode samtalen rundt dekka bord. Vi har ingen fast turnus på denne aktiviteten, den poppar berre "plutseleg" opp, oftast på ein onsdag. 

Innhaldet på samlingane kan variere litt frå gong til gong, men ein god kopp kaffi og litt godt å bite i er fellesnemnarar. Vi sel påsmurte rundstykker, kaker og kaffi for ein rimeleg penge. Du kan betale kontant, med kort eller vipps. Kva med å legge lunsjen til Filadelfia den onsdagen? Med Jesus i sentrum vert det også halde ein kort appell, ei lita andakt eller kanskje ein minikonsert. Inviter gjerne med deg ein venn, nabo eller kollega.

Jorunn Magni Overvåg og Jarle Nygjerde m/fleire har teke over stafettpinnen etter Margot og Harry Andersen, og det er dei som legg til rette for at vi kan samlast.