Trivselskafé

Trivselskafé i Filadelfia er ein open og uformell møteplass der godt fellesskap og trivsel står i sentrum. Vi samlast rundt borda for å dele praten, kaffikoppen og eit smil.  Innhaldet varierer litt frå gong til gong, men det du alltid kan rekne med er:
Ein rykande fersk kopp kaffi - brødmat og pålegg (sjølvsagt til ein rimeleg pris) - song og bordkonkurranse - andakt/appell - tid til å slå av ein god prat og tid til å berre vere saman. Vi samlast ca ein gong i månaden - sjekk annonsering.