Kvifor småfellesskap?
Filadelfiakyrkja er ei "stor" menigheit, og difor treng vi mindre settingar der vi kan bygge tette band med andre i menigheita. Her kan vi dele tankar, erfaringar, utfordringar og gleder – rett og slett dele livet! Småfellesskapa har som mål å vere ein slik stad. Småfellesskapssamlingane føregår stort sett i heimane, og gir moglegheit for å dele tru, tvil og kvardag i ein mindre setting enn gudstenesta på søndag. Kjært barn har mange namn, og småfellesskap tilsvarar det som i mange samanhengar kallast bibelgruppe, cellegruppe, lifegrupper eller liknande.
Målet er at småfellesskapet kan hjelpe oss å leve det kristne livet i kvardagen. Det skal vere ein stad der man kan ta med folk som enda ikkje veit om dei trur på Gud, ein stad der ein ny kristen har moglegheit til å vekse og utvikle trua, og samtidig vere inspirerande og utfordrande for folk som har kjent Jesus lenge.
Korleis bli med i et småfellesskap?
Den enkleste måten å bli med i eit småfellesskap på, er å gå saman med nokon andre og starte ei gruppe. Ein annan måte er å bli med i ei eksisterande gruppe som passer for deg. Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål, om du vil starte ei ny gruppe eller om du treng hjelp til å joine ei gruppe som passer for deg.
Kontaktperson
Kristine Røren, mobilnr. 959 38 068