Fila Introkurs

Litt om oss
Filadelfia Ulsteinvik er ei kyrkje for alle generasjonar og for menneske i alle livssituasjonar. Jesus står i sentrum i alt vårt arbeid. Dette gjeld både i gudstenestene, i lovsongen, i tenestefellesskapet, på søndagsskulen osv. Det er Han som står i sentrum av vårt liv, det er Han som står i sentrum i alt vårt arbeid, og vi er plassert midt i sentrum som kyrkje. 

Jesus var ein historisk person, eit menneske som oss alle. Samtidig var han Guds son, sendt for å vise, fortelje og demonstrere korleis Gud er og korleis Guds virkeligheit fungerer.

Han er full av medlidenheit med oss i vår svakheit, smerte og våre sakn. Samtidig er han full av tru på våre moglegheiter, gåver og evne til å omfamne det gode i livet. Han ser potensialet i kvart enkelt menneske, Han har ein plan for mitt og ditt liv, Han har ein plan for si menigheit - og Han kallar oss til å vere SI kyrkje her på jord, eit fellesskap der vi samlast for å vere i Hans nærvær og der vi blir utrusta til å bruke dei nådegåvene som Han har gitt kva enkelt. Vi er kalla til teneste for Gud. Man kan vere kristen utan å stå i ei menigheit/kyrkje, men man kan ikkje vere ein sterk kristen utan å vere del i eit større fellesskap. Styrken ligg i fellesskapet - når alle menneske, med sine unike nåvegåver og naturlege talent, står saman om å tene Han. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Dette er litt av det Filadelfia er og kva vi gjer. 

 

Fila intro-kurs
Har du lyst å vite meir om oss, eller vurderer du å bli medlem - vere ein del av dette fellesskapet der DU kan kome som du er, der DU kan vere ein ressurs - først og fremst for Han, men også for andre? Då kan du bli med på eit Fila intro-kurs, ei fellessamling med informasjon som varer ca. ein time etterfulgt av sosial prat og litt å bite i. Gi oss eit vink om du ønskjer ein intro. Vi tilpassar kursa etter behov. 


Kontakt

E-post: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Tlf.:      990 12 005, Arnt Vidar Ulstein