Bønn er pulsslaga i menigheita sitt liv. Bønn er sjølve kjerna i det å tru, og bønn er hjerteslaga i livet med Gud.
Bønn er håp uttrykt i handling. Bønn er å vandre på håpets veg, og eit verktøy til å bli kjent med Den Evige - han som var og som er og som blir.
Gud kallar sine (oss) til å kome saman i bønn.
"Men Du er heilag, og Du tronar på Israels lovsongar" (Salme 22:4).
Ettersom Gud tronar på lovsongar er tilbeding nøkkelen til å kome heilt inn i Hans nærheit. Tanken er at lovprisinga utløyser Guds herlegdom og Hans kongelege herskarmakt over dei som tilber. Hans svar frå trona, ved Den Heilage Ande, kan utløyse seg på fleire måtar - som profetiar, helbredelsar, mirakel, stadfesting i den enkelte sitt hjarte, eit kall til ærbødig stillheit og ærefrykt, overbevisning om synd og frelse.
"Kom, la oss juble for Herren! La oss rope av glede til vår frelses Klippe! La oss komme fram for Hans ansikt med lovprising! La oss hylle Ham med salmar! For Herren er den store Gud og den store Konge over alle gudar. Han har jordens djup i si hand. Fjellas tindar tilhøyrer Ham. Han eig havet, for Han gjorde det. Fastlandet er forma av Hans hender. Kom, la oss tilbe og bøye kne! La oss knele for Herren, vår Skapar!" (Salme 95:1-6).
Vi trur at Jesus er vegen, sanninga og livet. Difor ønskjer vi å bruke tid på å vere saman med Jesus, og takke for det Han har gjort for oss.
Kvar tysdag er du velkomen til morgonbønn kl. 7-8, og på kvelden er det bønn og lovsong kl. 19.30-21.