Kva er Bible Journaling?
Bible Journaling er ein kreativ måte å studere Bibelen på, der ein kombinerer bibellesing med kunstnariske uttrykk. Dette kan inkludere teikning, maling, kalligrafi og skriving av personlege refleksjonar direkte i bibelen eller i ei eiga notatbok. Målet er å fordjupe seg i Guds ord og gjere bibelstudiet meir personleg og meiningsfullt.
Korleis kome i gang?
Bibel, notatbok eller dotted journalbok - Nokre vel å bruke ein journaling-bibel/inspirasjonsbibel, som har breiare margar og tjukkare sider som er eigna for skriving og teikning. Alternativt kan du bruke ein vanleg bibel og ei separat notatbok. Andre brukar noko som heiter dotted journalbok. Dotted står for prikkar - i staden for linjerte ark, er arka altså med prikkar.
Utstyr - Du treng ikkje mykje for å starte. Nokre grunnleggande ting kan vere fargeblyantar, tusjar, maling, klistremerke og pennar. Etter kvart kan du utvide med meir avansert utstyr om du ønsker. Vi har også utstyr du kan låne på samlingane.
Finn inspirasjon - Start med å lese eit bibelvers eller ein passasje som talar til deg. Reflekter over kva det betyr for deg og korleis det kan anvendast i livet ditt. Bruk denne inspirasjonen til å skape kunst eller skrive ned tankane dine. På samlingane har leiarane ofte førebudd eit kit med bilde og tekst som kan vere til inspirasjon.
Fordelar med Bible Journaling
Ved å kombinere lesing og kreativitet, kan du oppleve Bibelen på ein ny og djupare måte. Det gir deg moglegheita til å uttrykke tru og refleksjonar på ein unik og personleg måte. Den kreative prosessen kan vere avslappande og givande, og kan hjelpe deg å finne ro og glede i kvardagen. Den kreative prosessen er ei tid for bøn og refleksjon. Ver open for kva Gud vil seie til deg gjennom Bibelen og kunsten din.
Nye samlingar startar opp i 2025
Det vert samlingar på onsdagar frå og med januar. Den første samlinga vert 8. januar kl. 19-21. Onsdagen etter vert det samling på føremiddag frå kl. 11-13. Det vert altså annankvar gong med tidleg-samling og kveldssamling, og samlingane varer ca. 2 timar. Vi held til i 2. etasje på Filadelfia.
Januar 2025 | Februar 2025 |
8. januar kl. 19-21 | 5. februar kl. 19-21 |
15. januar kl. 11-13 | 12. februar kl. 11-13 |
22. januar kl. 19-21 | 19. februar kl. 19-21 |
29. januar kl. 11-13 |
Kontakt:
Ta gjerne kontakt med oss for tidspunkt og meir info.
Eva Kristin Frekøy, tlf. 458 04 068
Monica Overvåg, tlf. 416 88 894