SOS Ukraina

open hearts hassely


Hallvard Hasseløy driv Open Heart - ein humanitær stiftelse som vert drive på kristent grunnlag, med hovedfokus på Ukraina. Dette landet, med sine omlag 46 millionar innbyggjarar, har svært stor nød og fattigdom, der særleg borna lid. Offisiell statistikk fortel om minst 100 000 gateborn, og det er her Open Heart er med og utgjer ein forskjell. Dei driv 30 suppekjøkken som gir eit varmt måltid til 3800 born kvar dag. I tillegg får 500 born til ei kvar tid hjelp ved deira barneheim, skule for vanskelegstilde born og to senter for misbrukte born. Kvar sommar arrangerer dei leir for 4500 born!


Alkohol og rus er eit svært alvorleg problem for mange i Ukraina og Open Heart vil også hjelpe så mange dei kan på dette området, og driv 15 rehabiliteringssenter for rusmisbrukarar. Kvar månad køyrer 3 trailarar frå Norge til Ukraina med hjelpesendingar og 650 000 menneske får hjelp gjennom Open Heart sitt arbeid kvart år.

Filadelfia Ulsteinvik er årleg med på hjelpesendinga "SOS Ukraina". Innsamlingsaksjonen brukar å vere i april kvart år, og den vert annonsert i aviser og på sosiale media når tida nærmar seg. Du har kanskje kle, sko, pledd og liknande som du ikkje brukar? Ikkje la dette ligge i skuffer og skap, men gi det vekk - la det bli til velsigning for andre!  Varme klede og sko kan gis vekk for å varme dei som frys. Den årlege kléinnsamlinga i april  foregår ved at folk kan kome med reine og heile klede av alle slag, gjerne i plastsekkar. Filadelfia si kleinnsamling foregår i Bjørndalvegen 19. Frakt-/transportgebyr på kr. 50,- per sekk er ønskjeleg. Du kan også bidra økonomisk ved å kjøpe matpakke(ar). Ein matpakke kostar kr. 300,- og kvar matpakke vil halde liv i ein familie i ein heil månad. Meir info om matpakkar finn du her.

I Filadelfia sine gamlelokale i Bjørndalvegen 19, har vi etablert bruktklebutikken Sarepta. Den hadde oppstart 1. november 2017 og er eit kjærkome tiltak i byen vår. Vi tek i mot kle, sko, vesker m.m. for vidare sal, eller som hjelpesending til Open Heart sitt misjonsarbeid i Ukraina. Det er stor oppslutning blant lokalbefolkninga som stadig leverer kle og sko til gjenbruk, og du treng ikkje vente til april dersom du har kle liggande. Vi tek i mot kle året rundt! Du kan stikke innom butikken når den er open, eller ta kontakt dersom du har spørsmål, eller ønskjer å gjere avtale om levering av kle m.m.

 

Kontakt

Sarepta bruktklebutikk
Bjørndalvegen 19

6065  ULSTEINVIK

Tlf.:     948 28 815, Linda Dalehamn
Sarepta på Facebook - her finn du informasjon om opningstider og kva som rører seg frå dag til dag.

 

© Pinsekyrkja Filadelfia Ulsteinvik 2019