Misjon

Misjon er ei av hovudsatsingsområda i Filadelfia Ulsteinvik. Gjennom heile historia har vi alltid hatt eit sterkt misjonsengasjement, og har støtta fleire misjonærar og arbeid i forskjellige land. Vi er i dag organisert og tilknytta Pinsemisjonen.

Vi er ei menigheit som framelskar misjon og misjoninnsats, og vi ønskjer å gjere ein innsats blant unådde folkeslag ved å aktivt støtte der behova er størst.

Misjon er ikkje berre for dei som brenn for å dele evangeliet med andre folkeslag. Misjon er kyrkjas hovudoppdrag i vår verd! Misjonens kjerne er å formidle Guds evige kjærleik til alle menneske.

Denne kjærleiken kan formidlast på mange ulike måtar. Den må forkynnast, men forkynninga skjer ikkje berre med ord, men like mykje i haldning og handling. Vi tenker at misjon handlar om nestekjærleik i praktisk handling. Vi meiner at misjon alltid må skje i respekt for den enkelte og deira kulturelle kontekst. Vi vil proklamere Jesu frelse til alle, slik at dei kan kome til tru og bli ein Jesu etterfølgar.

I vår misjonsstrategi legg vi vekt på at dei folkeslaga som enda ikke er nådd med evangeliet, må vere vår første prioritet. Nesten ein tredjedel av jordas befolkning har ikkje vert i berøring med Guds ord og Jesu kraft til frelse. Ei anna like viktig utfordring er å formidle evangeliet til neste generasjon slik at dei kjem inn i ein livslang etterfølgelse av Jesus. Kyrkja er til eikvar tid enten ein generasjon frå å dø ut, eller å fullføre oppdraget.

Vi vil arbeide målretta for at vi tek vår del av ansvaret, slik at vi saman med den verdensvide kyrkja fullfører Jesu Kristi oppdrag.

Misjonsprosjekt i Filadelfiakyrkja: