Misjon er ei av hovudsatsingsområda i Filadelfia Ulsteinvik. Gjennom heile historia har vi alltid hatt eit sterkt misjonsengasjement, og har støtta fleire misjonærar og arbeid i forskjellige land. Vi er i dag organisert og tilknytt Pinsemisjonen.
Vi er ei menigheit som framelskar misjon og misjonsinnsats, og vi ønskjer å gjere ein innsats blant unådde folkeslag ved å aktivt støtte der behova er størst.
Misjon er ikkje berre for dei som brenn for å dele evangeliet med andre folkeslag. Misjon er kyrkjas hovudoppdrag i vår verd! Misjonens kjerne er å formidle Guds evige kjærleik til alle menneske.
Denne kjærleiken kan formidlast på mange ulike måtar. Den må forkynnast, men forkynninga skjer ikkje berre med ord, men like mykje i haldning og handling. Vi tenker at misjon handlar om nestekjærleik i praktisk handling. Vi meiner at misjon alltid må skje i respekt for den enkelte og deira kulturelle kontekst. Vi vil proklamere Jesu frelse til alle, slik at dei kan kome til tru og bli ein Jesu etterfølgjar.
I vår misjonsstrategi legg vi vekt på at dei folkeslaga som enda ikkje er nådd med evangeliet, må vere vår første prioritet. Nesten ein tredjedel av jordas befolkning har ikkje vore i berøring med Guds ord og Jesu kraft til frelse. Ei anna like viktig utfordring er å formidle evangeliet til neste generasjon slik at dei kjem inn i ein livslang etterfølging av Jesus. Kyrkja er til ei kvar tid enten ein generasjon frå å døy ut, eller å fullføre oppdraget.
Vi vil arbeide målretta for at vi tek vår del av ansvaret, slik at vi saman med den verdsvide kyrkja fullfører Jesu Kristi oppdrag.
Familias Ecos - Healthy Families:
Beatrize og David Muren driv misjonsarbeidet Familias Ecos, som dei driv i Chile. Familias Ecos er eit tverrkyrkjeleg og internasjonalt team som ønskjer å tene Gud ved å velsigne familiar i Chile. Visjonen er å sjå familiar foreinte, gjenoppretta, sunne og utrusta til å leve etter den hensikta dei er skapte for.
Dei ønskjer å vere eit ekko av Gud, Hans kjærleik, karakter og nåde m.m. - Joy is the echo of God's life in us.
- Familien er samfunnets grunneining og vi trur det er ytterst viktig å styrke kjernefamilien slik den er definert i Bibelen, seier Beatriz og David som ønskjer å vidareformidle Guds ubetinga kjærleik ved å hjelpe andre familiar og individ til å få eit rikare liv med Gud. Dei arrangerer blant anna familieweekendar i Chile.
«Vi kan ikkje gjere store ting, men små ting med stor kjærleik” (Mor Teresa).
Mor Teresa oppretta ordenen ”Kjærlighetens misjonærer”. Ho skreiv: ”Gud er kjærleik. Difor må vi opne våre hjarte for denne kjærleiken og bere den vidare til dei vi møter, kristne og ikkje-kristne. Som Jesus blei sendt av Faderen blir vi sendt til verda for å forkynne den glade kjærleiksbodskapen og vise sann omsorg for dei fattigaste blant dei fattige”.
Jesus ga disiplane sine eit oppdrag før han forlot dei på Kristi Himmelfartsdag:
- ”Jeg har fått all makt i himmelen og på jorden. Gå derfor og gjør alle folkeslag til disipler! Døp dem til Faderens og Sønnens og Den Hellige Ånds navn og lær dem å holde alt det jeg har befalt dere. Og se, jeg er med dere alle dager inntil verdens ende.” (Matt 28,18-20).
- På Kristi Himmelfartsdag overlot Jesus stafettpinnen til disiplane sine. No skulle dei fortsette å spreie bodskapen om Guds kjærleik og forsoning til alle folkeslag. Dei skulle spreie nyhendene om Guds rike ved å vitne om Jesus og alt dei hadde sett og høyrt. Oppdraget var – og er fortsatt i dag – å gjere alle folkeslag til disiplar, døype dei og lære dei å halde alt det Jesus har befalt.
Kontonummer Familias Ecos:
3991.10.31799
Vippsnummer:
#58921
Kontakt:
David Muren, tlf. 411 42 046
Beariz Muren, tlf. 473 56 440