Filadelfiakyrkja byggjer på tre former for fellesskap; storfellesskapet, småfellesskapet, og tenestefellesskapet, der vi står saman om å byggje Guds kyrkje i verda, og får vere praktiske i vår tru. Ein del av dette er gjevartenesta. Vi gir i takknemlegheit til han som har gitt oss alt, men all gjeving skjer fullt og heilt på frivillig basis. Tvang velsignar verken kyrkja eller folket, og det reflekterar heller ikkje Bibelens modell for gjevarglede i Guds menigheit; "Kvar må gje det han har bestemt seg for i sitt eige hjerte, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar" (2. Kor. 9:7).
Filadelfia lev i hovudsak på gåver og kollekt frå besøkande og medlemer. Primært gir vi fordi Bibelen oppfordrar oss til å vere gjevarar, og vi trur at Gud har designa kyrkja til å vere eit lokalt spleiselag. Sekundært gir vi rett og slett fordi det kostar å bygge Guds rike på jord, og betjene forsamlinga.
Takk for det du er med å gi! Med ditt bidrag når vi lenger.
Du kan gi på fire måtar:
-
Fast gjevarteneste
-
Vipps
-
Kollekt i gudstenestene
-
Eingongsbeløp via bank/faktura
Kontonummer:
Kontonamn | Kontonummer |
PSGS (gir skattefrådrag) | 3997.04.59867 |
Barnekyrkja | 3997.04.59859 |
Driftskonto | 3997.04.59891 |
Misjonskonto | 3997.04.57961 |
Familias Ecos | 3991.10.31799 |
PSGS står for Pinsebevegelsens Sentralregistrering av Gåver med Skattefrådrag. Du kan få frådrag i skattepliktig inntekt for pengegåver til Filadelfia Ulsteinvik. Minimumsbeløpet for rett på skattefrådrag er kr. 500,- per år. Maksimalt frådrag er kr. 50 000,- per år. Dersom du vil gi gåve med skattefrådrag, så treng vi di fullmakt slik at vi kan rapportere gåvebeløpet på ditt fødselsnummer til Skatteetaten. Du må sjølv legge inn ønska beløp og dato for trekk i nettbanken din. Her kan du lese meir om gåver til frivillige organisasjonar, tru- og livssynssamfunn.
Vipps-nummer:
Kontonamn | Vipps-nummer |
Filadelfia Ulsteinvik | #85042 |
Connect Filadelfia Ulsteinvik | #133863 |
Trivselskafé Filadelfia Ulsteinvik | #133865 |
Familias Ecos | #58921 |
Barnekyrkja Filadelfia Ulsteinvik | #549767 |
Kontakt
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Tlf.: 990 12 005, Arnt Vidar Ulstein