Bli med på team?

I Filadelfia Ulsteinvik ønskjer vi at så mange som mogleg skal delta på team. Vi er éin kropp med fleire lemmar, seier Bibelen. Vi trur at alle har noko dei kan bidra med, og det er alltid både plass, rom og behov for akkurat deg! Du er ei viktig brikke i Guds store puslespel!

Å vere med å tene i kyrkja handler om fellesskapet og kven vi gjer det for, meir enn sjølve oppgåva. Som medarbeidar blir du kjent med nye menneske, samtidig som du er med på noko som er større enn deg sjølv.

Finn du ikkje eit team under som passar for deg, men du føler du har noko å bidra med? Det er fleire område vi treng hjelp til som ikkje går under team. Ta kontakt, så finn ut vi ut av det.

 

VERTSKAP
Likar du å prate med folk, bli kjent med nye og gi high-five? Vertskaps-teamet tar i mot alle som kjem til gudsteneste gjennom å praktisk førebu gudstenesta og å vere Filadelfias ansikt i døra.


LYD
Har du øyre for lyd? Har du styrt lyd tidlegare, eller ønskjer du å lære meir om korleis miksen blir til? Ta kontakt hvis du lurer på noko.


LYS
Har du styrt lys tidlegare, eller ønskjer du å lære det? Ta kontakt uansett kor stor interessa er!


SKJERM
Ønskjer du å styre med det som går føre seg på skjermen? I Filadelfia treng vi ei stødig hand på alle våre gudstenester.


MEDIA
I Media-teamet treng vi deg som kan grafikk, foto, video, redigering, illustrasjon og som er flink med ord. Vi treng folk som har godt auge for det som skjer på sosiale media, og vi har ei oppegåande heimeside som treng kontinuerleg oppdatering og vedlikehald. Vi treng også folk til redigering og publisering av taleopptak. Har du interesse og ønsker å lære meir er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt!


LOVSONG
Er du ein som likar å synge, eller spelar du eit instrument? I Filadelfia ønskjer vi alle velkomne til å vere med. Om du syng, spelar gitar eller har eit talent på andre instrument, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt.


KAFÉ
Likar du å lage mat, trakte kaffi eller glede folk med godsaker? I Filadelfia treng vi folk som kan legge til rette for kafé etter gudstenesta. Vi arrangerer også trivselskafé og formiddagstreff der ein god kopp kaffi og litt godt å bite i er viktige ingrediensar for den gode samtalen. 


SØNDAGSSKULE
Likar du å jobbe med barn? På søndagsskulen treng vi folk som kan leike, teikne, prate, spele, synge og mykje meir. Å ha folk som kan formidle Ordet på ein kreativ måte er det også alltid behov for. I Filadelfia har vi fleire søndagsskule-team i "turnus", så bli gjerne med på eitt eller fleire team alt ettersom kor ofte du ønskjer å engasjere deg.


UNGDOMSARBEID
Har du lyst å vere med å leie neste generasjon? I Filadelfia har vi fleire ulike ungdomsaktivitetar som fungerer veldig bra, men vi kan alltid strekke oss etter å bli endå litt betre, og nettopp DER kjem kanskje du inn! Vi ligg midt i smørauget - i "indrefiléten" av Ulsteinvik - der det skjer. Ta kontakt om du har den rette "driven" og om du ønskjer å bygge Guds menigheit blant dei unge.


TOLKETENESTE
Er du god i språk? Vi tilbyr omsetjing under våre gudstenester, og treng menneske som kan omsetje talen til engelsk under møta. Filadelfiakyrkja er etter kvart blitt ei internasjonal menigheit der mange nasjonar er representert. Ikkje alle snakkar norsk eller engelsk, så om du har erfaring i andre språk, så gi oss eit vink - vi strebar etter å få eit best mogleg tilbod for alle.


BESØKSVENN
Vi treng menneske med hjarte for andre, som har litt tid til overs. Kanskje der er nokon som kjem seg lite ut, som treng besøk eller skyss til gudstenesta, menneske som treng litt ekstra omsorg i kvardagen. Det er mange ulike behov, og mange ulike måtar ein kan bidra på. Å vere besøksvenn er givande og meiningsfullt. Ta kontakt dersom ønskjer å bli besøksvenn, eller om du har behov for at vi formidlar kontakt med ein besøkar. 

 

KONTAKTINFORMASJON:
E-post:  This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Tlf.:       990 12 005, Arnt Vidar Ulstein