Filadelfia Menighet Filadelfia Menighet
Filadelfia Menighet Filadelfia Menighet
  • NYHENDE
  • KALENDER
  • SØNDAGAR
    • Podkast
    • Gudstenester
    • Søndagsskule
    • Nattverd
    • Barnevelsigning
    • Dåp
    • Tungetale
    • Talar
  • KVARDAGAR
    • Trivselskafé
    • Bible Journaling
    • Småfelleskap
    • Bønn og lovsong
    • Fila Introkurs
  • OM OSS
    • Medarbeidarar
    • Visjon og verdiar
    • Jesus i sentrum
    • Eg er ny her
    • Kristenlivets ABC
    • Utleige
    • Sarepta, bruktklebutikk
    • Vår historie
    • Kontakt Oss
  • UNGDOM
    • Tentro
    • Nattkafé
    • Next Generation
    • Alivefestivalen
  • BIDRA
    • Gi ei gåve
    • Bli med på team?
    • Misjon
    • SOS Ukrainia

NYHENDE

Featured

KARI MARIE ØVREBØE

Velkomen til gudsteneste i Filadelfia søndag 18. januar kl. 11.

Denne søndagen er det Kari Marie Øvrebøe - ein av våre eigne, som skal dele Guds ord, med temaet: «Livets brød smakar ikkje alltid søtt». Jesus kallar seg sjølv livets brød – noko som gir liv og næring. Men kva gjer vi når trua ikkje kjennest søt, når livet er tungt og bøner ikkje får svar? Kari Marie vil dele ærlege refleksjonar om å halde fast på trua når Gud verkar stille, og om korleis vi kan finne håp midt i smerte og tvil. Ho har eit varmt engasjement for menneske og for å formidle Guds nåde på ein ekte og relevant måte.

 

Kari Marie har tidlegare vore ein del av leiarskapet i Filadelfia. Ho er fortsatt aktiv i teneste, men no som møtevert og webredaktør. Til dagleg arbeider ho i kommunen innan kommunikasjon, brukarstøtte og opplæring. 

Lovsongen blir leia av Team Oddgeir, og etter møtet blir det godt fellesskap med kaffi og prat – ei fin anledning til å dele liv og oppmuntring med kvarandre.

Alle er hjarteleg velkomne – ta med deg familie og venner, og kom som du er!

Featured

EVANGELIESENTERET ØSTERBO

 

Fredag 23. januar kl. 19:00 – Besøk frå Evangeliesenteret Østerbo

Vi har gleda av å ønske Evangeliesenteret Østerbo velkommen til Filadelfia! Denne kvelden får vi møte Sigurd Bylund og Alice Sterri-Mørch, som vil dele sterke vitnesbyrd om liv som er forvandla gjennom Guds kraft.

Evangeliesenteret er kjent for sitt arbeid med rusomsorg og rehabilitering, og Østerbo er eit av dei største sentera i Norge. Gjennom praktisk hjelp, fellesskap og forkynning får menneske ein ny start og håp for framtida.

Det blir ein kveld med song, musikk, inspirerande historier og forkynning som berører hjartet. Dette er ei unik anledning til å bli oppmuntra og få innblikk i eit arbeid som gjer ein forskjell i menneskeliv kvar dag.

Ta med deg vener og familie – alle er hjarteleg velkomne!

© {2024} Pinsekyrkja Filadelfia.
Filadelfia Menighet Filadelfia Menighet
  • NYHENDE
  • KALENDER
  • SØNDAGAR
    • Podkast
    • Gudstenester
    • Søndagsskule
    • Nattverd
    • Barnevelsigning
    • Dåp
    • Tungetale
    • Talar
  • KVARDAGAR
    • Trivselskafé
    • Bible Journaling
    • Småfelleskap
    • Bønn og lovsong
    • Fila Introkurs
  • OM OSS
    • Medarbeidarar
    • Visjon og verdiar
    • Jesus i sentrum
    • Eg er ny her
    • Kristenlivets ABC
    • Utleige
    • Sarepta, bruktklebutikk
    • Vår historie
    • Kontakt Oss
  • UNGDOM
    • Tentro
    • Nattkafé
    • Next Generation
    • Alivefestivalen
  • BIDRA
    • Gi ei gåve
    • Bli med på team?
    • Misjon
    • SOS Ukrainia